- Project Runeberg -  Songdansen i Nord-Landi /
22

(1903) [MARC] Author: Hulda Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Songdansen i Nord-Landi

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

22

vanlege faste Takt. Og til det trengst det alltid
noko Upptemjing.

Fylgjestevi syng alle. Rett som det er lyt
ein eller annan hjelpe Fyrisongaren, um Visa er
svært lang. Dei fleste kann Visune, maatru; og
tilmed ein Færøying lyt ender og daa puste.
I)et vert songi i hundradvis med Vers paa ein
Kveld. Elles er det no vanlegt, at alle er med
og syng heile Visa; men han som Fyridansar er
maa styre Songen og hugse Versi etter
kvarandre.

Ein Dans heiter «Bandadansen»; den gjeng
paa ein annan Maate. Menn og Kvende stend
i tvo Badir, kvart Par med eit Band imilloni
seg, som Mennane held i høgre og Kvendi i
vinstre Handi. (Mennane tek til dette Bruke
berre dei fargerike Hosubandi sine.) Det Pare
som opnar Dansen, stend med Andliti mot dei
andre og gjeng — under Bandi som vert lyfte
yvi Hovudi deira — til Visetakten fram millom
dei tvo Radine (som gjeng den andre Vegen)
med dei vanlege (5 Dansestigi. Næste Par snur
no, byter Bande yvi i dei andre Hendane og
fylgjer det fyrste Pare. Like eins gjer
etterkvart alle, ettersom dei naar Rekkja ned. Naar
det fyrste Pare hev naatt under Bandi og ui
paa den andre Sida, snur det, tek Bande i andre
Handi og gjeng 110 attende i dei ytre Radine
med lyft Band. Naar ein dansar under Bandi,
vert Armane nedhavde.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 20:56:16 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/songdans1/0028.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free