- Project Runeberg -  Songdansen i Nord-Landi /
23

(1903) [MARC] Author: Hulda Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Songdansen i Nord-Landi

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Sandøyardansen og Kjededansen saag eg;
men det vart ikkje Stundir den Gongen til aa
lære desse. Paa Suderøy skal dei og hava ein
serskild, og livleg, Dans; den fekk eg ikkje sjaa.

Kjededansen var ikkje lite lik den Kjeda
me brukar i Turdansane vaare (Française), berre
at dei ikkje tok kvarandre i Handi, men brukte
heile Armkroken. Her og gjekk det med dei
vanlege 6 Stigi og etter Visesong.
Sandøyardansen saag noko meir ugreid ut, daa dei jamt
bytte Plass i Ringen; men dei same Stigi vart
brukte her med.

Spel til Dans hev aldri vori kjent paa
Færøyane, og dei hev ikkje havt Spelgreidur heller.
Men i dei seinare Aari er det komi Felur til
Øyane, og eit og anna Piano finst, helst i
Ham-nane, der det nok ikkje er fritt for at den
«engelske Dansen» og tek til aa arbeide seg inn.
Ein fær likevel tru, at dei maskinsvingande og,
utan god Musik, so reint aands-tome
Runddansane ikkje vil faa Magt til aa tyne
Kvad-dansen ned. Færøyingane er seige, som vel er,
naar det gjeld aa halde sin Folke-Arv i Ære;
og dei trur ikkje blindt paa det framande, som
sume andre plar gjera.

Dansekvadi paa Færøy hev stundom ein
annan Taktgang enn Folkevisune vaare, so at
ikkje alle desse, slik som dei no er uppskrivne,
høver til Færøvdansen. Men nokre hev me,
som gjeng svært godt, og det er av dei gildaste

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 20:56:16 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/songdans1/0029.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free