- Project Runeberg -  Songdansen i Nordlandi /
17

(1913) [MARC] Author: Hulda Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

17

At den og kann bli’ god og ven og vel
inntykt hev ine alt røynt; ikkje minst paa
dei tri Ferdine «det norske Spellage» gjorde
kring Lande i 1910—12. Daa vart det dansa
Songdans kvar Kveld; og alle Stader vart han
storleg fagna. Alle Blad, kva Farge dei hadde,
og kva dei elles tykte um Arbeide vaart, so
roste dei Dansen, og sanna at me der hadde
funne fram ein gainall Kulturskatt som alle
maatte fegnast ved.1 Og alle Stader vilde dei
lære Dansen. Men Arbeidarane er enno faa;
det gjeng ikkje so fort her som i Sverig og
Danmark,2 der Arbeide med Folkedansen vert
jamstelt med Arbeide for andre Folketraditioner.

Men det vilde vera ei større «Sak» enn
mange trur, um me kunde faa Songdansskeid
ved alle Folkeskular i Byane t. D.3 For god
Leik gjer meir til aa vende Baanehugen fraa
1’sømd og laake Tankar enn alle Moralpreikur.

1 Hett Færøydans kunde me ikkje freiste aa dansa
paa desse Ferdine, daa me var for faa.

2 1 Danmark hev dei sidan 1901 havt eit Lag som
arbeider for Folkedans og Bunader, skipa ved Kandidat
Otterstrøm. I)et hev med «ministeriel Understøttelse»
samla Dansar. Hunader og Tonar vvi heile Danmark. Daa
det hadde Statstudnad fekk det lett den Privathjelpi det
trong, og det hev kome godt i Veg og gjeve ut fleire Skriftir.
Laget heiter «Foreningen til Folkedansens Fremme».

3 Dei dansar «Folkevisedans» i Gymnastiktimane ved
mange Skular: men Lærarane hev ikkje lært rett
mykje sjølve, og Dansen vert daa deretter — ofte reint
utskjæmt.

2 — Garborg: Songdansen.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 20:56:19 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/songdans2/0023.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free