- Project Runeberg -  Songdansen i Nordlandi /
47

(1913) [MARC] Author: Hulda Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

47

som hev livt fram heile, etter at Dansen var
somna av. Dei fleste som hev naatt vaar Tid
er «sjøskadde», i alle Fall holutte,
usamanhangande; ja ofte er dei usikre Samansetningar av
ymse nedervde Stubbar. Synd og Skam er det,
at me ikkje fyrr fekk skrivi upp det som var
gøymt i Fjellbygdine; mykje av det er no burte
for all Tid. Og endaa lyt me vera glade at noko
er berga, — ikkje so lite heller. Takk skylder
me her serleg M. B. Landstad, Jørgen Moe,
Hans Ross, Sophus Bugge og Moltke Moe.
I seinare Tid er yngre Folk og komne med i
Arbeide; imillom deim maa ein fyrst nemne
Rikard Berge og Knut Liestøl.

Det er eit seint og vandt Arbeid aa sigte
aa reinske Visune etter Vitskaps Krav. Ei heil
Mengd Visur er Rekevisur som—paa Drift fraa
Land til Land — er komne hit upp med. Dei
hev daa gjerne teki ymis Skapnad i dei ymse
Land; og mykje kann vera ihopblanda og sidan
umstellt paa nytt Lag, so ein lite veit aa segja
kvar Visune eig heime.

Eit Døme: «Olaf Liljukrans». Denne
Visa — kjend og umtykt i alle Nordlandi —
finn ein i «Des Knaben Wunderhorn» plent so
som dei hev ho paa Dansk (i eit av dei beste
Fraabrigdi). Og Landstad hev ho paa norskt
mykje lik den danske. Paa Island hev
dei ho i reint sermerkt Form; fraa Færøyane
veit eg ikkje um ho; Sverig hev fleire Fraa-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 20:56:19 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/songdans2/0053.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free