- Project Runeberg -  Songdansen i Nordlandi /
48

(1913) [MARC] Author: Hulda Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

48

brigde av ho; eitt likjest mykje paa vaar, men
er svært uheilt.

Den tyske hev ikkje Umkvæde.oghev vel ikkje
vori brukt til Dansevise; me hugsar at dei dansa
ikkje til episke Visur i Tyskland, etter det me veit.

Den danske, «Elverskud», hev i fyrste
Helvti av Visa so mjukt og danskt eit Stev:

«I men Dansen den gaar saa let gjennem Lunden».

Men i siste Helvti, der Oluf kjem sjuk og
sorgfull heim, skifter Visa Tone og fær nytt Stev:

«Men der han kom til Borgeled,

der stod hans Moder og hvilte sig ved :

hvad hjælper det vi kvide.»

Det er ei av dei linaste danske Fokevisune
eg veit um; og me hev ofte dansa etter ho
heroppe desse Aari.

Eit Vers i denne Visa syner paa ein løgleg
Maate koss Meiningsløysur kann koma inn i
Umsetjingar. Det lyer so:

»Vil du, Hr. Oluf, træde Dansen med mig,

et Hoved av Guld da giver jeg dig.

1 men Dansen den gaar saa let gjennem Lunden.»1

I den tyske stend:

«Hör’ an, Herr Olof, tritt Tanzen mit mir;
einen Haufen Goldes sehenk ich dir.»

Ein Haug med Gull vil ho gjeva han,
ikkje eit Hovud av Gull, som dei no syng alle Stadir.

1 I Axel Olriks Utgaave av «Danske Folkeviser med
gamle Melodier» ved Thomas Lauh (1899) stend eit
Fraabrigde som ikkje hev dette Verse.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 20:56:19 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/songdans2/0054.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free