- Project Runeberg -  Songdansen i Nordlandi /
57

(1913) [MARC] Author: Hulda Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

nemnt, so dei hev ei Mengd med ymse Leikar.
Paa Naas maatte alle som gjekk paa Leikskeidi
laga ein Leik til Examen. Dei beste vart daa
upptekne i Skulen ; soleis fær dei nytt jamt.

Men um det er einfeld Leik eller storlagd
Dans — dei som er med maa syngje av fullt
Hjarta og vera heilt med; elles vert alll
keid-samt, daudt, meiningslaust.

Eg skulde ynskje at rett mange ein Gong
kunde faa sjaa koss ein god Færøvdans gjeng
paa Færøy. Daa eg var der burte laga det seg
so vel, at me fekk med eit Par Visekvedarer og
Fyredansarar som vart rekna til dei beste
paa Øyane. Eg vart sterkt teki av
Dansen fraa fyrste Stund, endaa han syntest meg
underleg og mest vill, so lenge eg ikkje skvna
Kvædi. Men daa eg fekk desse gjenomgjengne.
so eg kunde fylgje betre med, daa kom eg og
heilt inn i Dansen; og eg skyna og saag, kor
fullt og sterkt dei som her var med, gav seg
yvi i Leiken og i Songen; dei kunde kveda og
danse Time etter Time og vart ikkje trøytte.
Det var som Framføringi vart sterkare og meir
livfull di lenger det leid. Eg var tilslutt so
trøytt at eg seig reint ihop, ovundsjuk, maa eg
segja, yvi so mykje Sprett og Spenn; og eg saag
i Tankane ein vanleg Mote-Balsal fraa Byane
vaare. med ungt Folk som bleike og stynjande
sig ned i Sofabenkir og Stolar naar dei hev
dansa tvo Gongir rundt Golve, og ikkje hev so

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 20:56:19 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/songdans2/0063.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free