- Project Runeberg -  Songdansen i Nordlandi /
58

(1913) [MARC] Author: Hulda Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

58

mykje som opna Munnen eingong. Og her sat
ingin rundt Veggine og geispa; alle var med,
gamle som unge. Ja dei gamle syntest tidt dei
beste, baade i Songen og Dansen. Og barnsleg
Glede og huglegt Mod lyste av alle Andlit.

Eg tenkte: skulde det aldri meir vera Raad
aa faa upp slikt Godlag i ei norsk Dansestogu?
Skulde me ikkje kunne gløyme vaart Aalvor og
vaar Hugtyngd og «bli som Haan att» ved den
djerve, truskyldige Manndom i vaare gamle
sterke Dansekvad?

Det segjer seg sjølv : ein naar ikkje straks so
høgt som Færingane. Maaten vil vel ikkje heller
bli netupp den same. Men me arbeider oss upp
etterkvart. Me og hev Kjempekvad og
Kjærleikssongar hugvarme og vene, og med gamle
ser-merkte Tonar i fullgod Dansetakt, Songar og
Tonar som ikkje kann naa si Høgd utan gjenom
folkeleg dramatisk Framstelling. Men me fær
agte oss vel for aa koma paa dei Rangvegane
der dei vilrar no, desse Hamnebyane paa Færøy,
som dansar framandt til framande Visur og
dermed set Sjukdomsmerke paa Dansen sin.
Jamvel dei beste danske Folkevisune — som ofte
vert brukte til Dansekvad paa Færøy no — gjev
Dansen eit anna Lag; Færingane talar daa og
det danske Maale so reint framandslegt; det
kann jamvel me Nordmenn høyre, som sjølve
«talar Danskt paa Svenskt», — som Danskane
segjer. Færøymaale hev daa og ei Kraft og ein

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 20:56:19 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/songdans2/0064.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free