- Project Runeberg -  Songdansen i Nordlandi /
61

(1913) [MARC] Author: Hulda Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

()1

av di Rome var for lite aat dei store Ringane;
men no segjer Fælingen heint ut, at Dansen
vert best i smaa Rom, av di ein der jamt maa
balde Ringen brotin. Ein ubrotin Ring vert
snarare noko daudvorin av seg. Det er eit
Under aa sjaa, koss ein stor Ring kann lløkjast
ihop so lian ser ut som ei Maurtuve, men endaa
greier seg ut att so fint. Rytme og Takt er fast
som ei Naturlov; kvar Rørsle gjeng inn i del
store Samspel; alle er under ein Vilje: under
Magti aat Songen.

Til vanlege forteljande Vers gjeng Dansen
rolegt; alle fylgjer det som sungi vert med
Minur og stille Rørslur. Men naar Umkvæde
eller dei sterke dramatiske Versi kjem, bryt ein
Ringen og slepper seg laus i sterk, uttryksfull
Dans. Ofte kjem ein daa ands Andlit med
Sidemannen eller Motmannen sin i Ringen; det vert
heilt-upp «dramatisk Framstelling» av Visa, so
som det skal vera. I Bugtingar og Slengar sviv
Ringen kraftigt og livlegt; men Stigi gjeng i sin
faste Takt stødt.

Er Fyresongaren god. so syng han aaleine,
og alle samlar seg i Stevi; det er mest
dramatisk ; og det vøre godt aa koma so langt. Men
endaa um alle syng heile Visa med, so lyt ein
helst ha ein Fyresongar, som altaat er
Fyre-dansar: styrer baade Ringen og Songen; det
gjeld um at Versi rett fylgjer etter einannan.

Um denne «store Ringen» — som læt seg

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 20:56:19 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/songdans2/0067.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free