- Project Runeberg -  Tiden / Tjugoandra årgången. 1930 /
298

(1908-1940)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (TIFF) - On this page / på denna sida - N:r 5, 30 april 1930 - Kaare Fostervoll: Landsmålet i Norge og arbeidarane

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

LANDSMÅLET I NORGE OG
ARBEIDARANE.

Av KAARE FOSTERVOLL.

Ein utlending er ikkje lenge i Norge før han støyter på målstriden,
og ikkje sjeldan når atterljom av denne striden ogso til utlandet.
For samanstøytane millom landsmål og riksmål, millom målfolk og
riksmåls folk går ikkje fyre seg innanför fire vegger, men på den
offentlege arena, er ein viktug part av det offentlege liv i landet.

Den som freistar få tak i grenselinone millom dei ulike
retning-gar og parti som gjer seg gjeldande i den politiske og kulturelle
kampen i f ramande land, vil of te ha stor nytte av å sjå ein grand
på vedkomande lands historie. Elles vil mängt tykkjest
meinings-laust og uskynleg.

Det gjeld kanhenda i serleg grad norsk åndsliv og politikk. På
alle områder finn ein merke etter vår historiske vanlagnad, som var
å vera styrt av framande herrar i 400 år til 1814, medan folket like
fullt til all lukke heldt oppe sitt indre nas jonale sermerke i sed
og skikk, mål og minne.

Norsk politikk etter 1814 er merkt av den ytre nas jonale reising
som i sin tur måtte fylgja etter at det norske folket gjenom dei
stormfulle hendingane etter Kiel-freden vart klart över sitt nas jonale
sjølvstendekrav. Dette kravet er den viktugaste drivfjøra i de
månge tvistemål med Sverige om Unionen, men ogso i den
demokratiske vokster fram mot parlamentarismen finn ein same tanken
verksam. Det er "folket", bøndene og dei liberale byborgarane
som samlar seg og klypper maktområdet til det byråkratiske
embets-standet, som ätter var stråmenn for Bernadottane og representerte
deira syn på uionskongedømet.

Särnan med den politiske nas jonale reisinga går so den kulturelle.
Ait åndsliv var ved unionsbrotet i 1814 knytt til Kjöbenhavn,
riks-hovudstaden. Vitskap, diktning, teaterkunst, musikk hadde sin
arnestad der. Og det måtte so koma ein tidebolk då løysingsordet var
"Frigjering fra danskeveidet" på dette omkverve ogso. Alt før
1814 ser ein tiltak i den retning. I 1811 hadde Norge fått sitt
förste universitet, men det var först med diktaren og folkelæraren
Henrik Wergeland, som fra 1825 og utetter til sin død i 1845 i skrift
og tale med geniets värme og klarsyn la fram eit nasjonalt program
for det kulturelle arbeidet, att denne frigjeringa fra det
hundrad-årgamle danske förmyndarskapen på dette område fekk fart og
retning.

Gjengiv dit Folks og Lands Natur,
Fremblomstrende Literatur!"

Desse ord av Wergeland til den nye norske literaturen kan
over-førast på alle greiner av åndslivet; "Gjengi dit Folks og Lands

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 03:14:29 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/tiden/1930/0302.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free