- Project Runeberg -  Tolstoi-boki : ymse stykke /
2

(1897) [MARC] Author: Leo Tolstoy With: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Inngang av Arne Garborg

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Der var det i vegen, at han hadde teke til aa
tenkja yver livet sitt. Kva levde han etter? Kva
meining elder maal var der i livet hans? Kva
skulde alt dette føra til? Var det anna en jugl
og juks alt i hop? Og naar han ein dag skulde
døy, vilde det so vera nokon ting att av det
heile ?

Han fann kje svar paa desse spursmaali. Og
livet vart so tomt for han, at han ikkje forstod
kva han skulde med det lenger.

Tidleg hadde han mist foreldri sine, men vart
fostra etter sitt stand og fekk det folk kallar ei
god upplæring.

Men under dette miste han Gud. Og hugen
til det gode, som i den fyrste ungdomen hadde
vore rett vaken i han, døyvdest ned av det
han saag og høyrde ikring seg. Han fortel sjølv
um dette i eit «Skriftemaal». Naar han prøvde
aa gjera noko godt, lo dei helst aat han og
gjønte; men gjorde han det vonde, fekk han
samtykkje og ros. Dette tålde kje umagen; og det
vonde, som daa og var sterkt nok i han, fekk
meir og meir magti.

Han gjekk paa hermanns-skule og vart offiser;
laag desutan nokre aar ved høgskulen og las
rets-lære. Men daa han vart myndig drog han ut til
herregodset sitt og levde der paa russisk
stormanns-vis i sus og dus og let sine liveigne træla for seg.
I tie aar heldt dette paa. Sidan var han eit bil
ute i krigen.

Desse tiderne kan han aldri minnast, seier
han, utan rædsle, mothug og sorg. «Det finst ikkje
den styggedom eg ikkje den gongen kunde ha

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 03:57:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/tolstoi/0008.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free