- Project Runeberg -  Tolstoi-boki : ymse stykke /
4

(1897) [MARC] Author: Leo Tolstoy With: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Inngang av Arne Garborg

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 4 —

vart den setningen fastslegen, at diktaren turvte kje
bry seg um dette; han hadde den sergaava, at
han gav lærdom og visste kje sjølv um det. «Og
eg dreiv paa,» seier Tolstoi, «aa skriva og læra,
og visste kje kva eg lærde.»

Paa denne maaten gjekk tie aar til. Det var
nok sumt som var rart. Forkynnarane av det nye
livssynet var usams seg imillom; og dei slost og
kjekla og var etter kvarandre med alleslags
fantestykke. Sume trudde kje det grand paa heile
læra, men tenkte berre paa sjølve-seg; i det heile
var det skrap, mesteparten av desse folk, tykte
han, — endaa laakare en dei han kjende fraa sine
villskaps- og hermans-dagar. Han vart lei av dei,
ja tykte stundom han var i ei rein daarekiste. Men
so reiste han i utlandet og raaka der gjæve menner,
som styrkte han i hans «utviklings»-tru.

Det gamle spursmaalet: korleis skal me leva?
svara han no so paa: me skal leva i samhøve
med «framgangen». Det var, seier han, som naar
ein mann i ein baat ikkje vilde spyrja kva veg
han skulde styra, men berre: kva veg driv det.

Og meir og meir «lærar» vart han, skreiv og
skreiv, og tok endaa til aa arbeida for folkeskular.
So gifte han seg og kom gjenom eitgodtoghyggjelegt
heimliv noko so nær i ro. Og det gjekk endaa eit
ti-aar.

Men det gamle spursmaalet um livet og livsens
meining braut seg no innpaa han fraa andre
kantar. Det viste seg, at han, som trudde seg
lærar for folket, ja for verdi, hin visste kje kva
han skulde læra sine eigne baan. Og hadde
ingen tanke um, kva han i grunnen sjølv livde
fyre. Dette kom att gong paa gong, og tok
han sterkare og sterkare. Ei vonløyse kom
yver han; kvar gong han saag, kor raadlaus

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 03:57:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/tolstoi/0010.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free