- Project Runeberg -  Tolstoi-boki : ymse stykke /
8

(1897) [MARC] Author: Leo Tolstoy With: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Inngang av Arne Garborg

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Som ei sol lyste denne tanken upp for han, og
dette ljoset fylgde han sidan. Men sjølvdraaps-

tanken kvarv som ei myrk sky.

*



No hadde han trui. Men so var det
spurs-maalet, korleis han skulde leva, so det vart
samhøve og samklang millom liv og tru. Her vart
han leidd paa veg av noko som hende han i
1882.

Han hadde flutt til byen (Moskva) for eit bil,
og det fall seg so, at det der skulde vera
folketeljing. Tolstoi melde seg til aa vera med i dette
arbeidet, som han meinte der kunde gjerast noko
stort ut av.

Som mange av dei rike i denne tid kjende han
seg pint av tanken um armodi. Det var fælt aa
vita, at her var folk som fraus og svalt, naar han
og hans likemenn levde i glans og giede. Tanken
paa Lasarus hadde vorte til eit samvitsgnag for
den rike mann; naar han sat ved sit gode bord
og hugsa dei som svalt, vilde kje maten smaka
lenger. Tolstoi ynskte, seier han, at armodi
kunde verta avhjelpt, so at han heretter kunde leva
sitt rikmannsliv i ro. Dertil hugsa han no Jesu ord
um aa gjera vei og hjelpa.

No tenkte han som so: gjenom folketeljingi
kan me rike faa greie paa armodi. Læra dei fatige
aa kjenna. Og daa kan der sidan koma eit
hjelpearbeid i gang, som det kan vera mon i. Snart
vil daa andre byar og land fylgja det gode
fyre-dømet, og me kan faa ein ende paa denne
sam-fundspest. At dei rike med glede vilde samla seg
um dete arbeidet, kunde han ikkje tvila paa; han
skreiv i bladi um den store tanken sin, og vilde
sjølv vera fyregangsmannen.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 03:57:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/tolstoi/0014.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free