- Project Runeberg -  Tolstoi-boki : ymse stykke /
9

(1897) [MARC] Author: Leo Tolstoy With: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Inngang av Arne Garborg

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 9 —

Det gjekk som det plar gaa med slikt; det
vart ingenting av det. Dei svara ha og ja, dei
rike han tala til, og dei lova pengehjelp med;
men ingen trudde paa tanken hans, og dei
pen-garne han hadde fenge lovnad paa, vart aldri
innsende. Han fekk ikkje bruk for dei helder, daa
det kom til stykket; han kom snart sjølv etter, at
tanken hans var ubrukeleg. Men han tok lærdom
av ill røynd.

Daa han som tilsynsmann ved folketeljingi og
som «vælgjerar» hadde lært fatigdomen i byen
noko lite aa kjenna (han hadde valt seg ut det
verste fante-stroket i heile Moskva og var inne i
kvart hus og tala med folk), kom han inn paa
reint nye tankar.

Det er moro aa lesa skildringarne hans her
(i «Kva skal me daa gjera?»), der han med sit
serskilde, rolege humor viser, korleis han under
heile dette arbeidet gjekk narr for sine eigne
inn-bilningar, og korleis dette smaatt i senn klaarna
upp for han sjølv. Alt viste seg aa vera
annleis en han hadde tenkt seg. Det var slett ikkje
so beintfram aa hjelpa. Folk som turvte hjelp
var der nok av; men naar han hadde innbilt seg,
at det berre var aa koma med pengeboki, so vilde
all sorg slokna, so saag han med forundring, at
han hadde teke reint i mist. Det var faae elder
ingen han kunde hjelpa so beint fram. Pengar
vart han nok av med; daa slusken saag, at her
var ein rik tosk, som ein kunde plukka, so stimde
dei um han i mukkevis og tagg, so at byvakti
(politiet) stundom maatte berga han ut or
folke-trengsla att. Men dette var ingi «hjelp». Dei
pengarne han gav burt paa den maaten, gjekk
berre til vertshusverten. I alle tilfelle, der han
vilde freista med ei hjelp som det kunde vera

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 03:57:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/tolstoi/0015.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free