- Project Runeberg -  Tolstoi-boki : ymse stykke /
10

(1897) [MARC] Author: Leo Tolstoy With: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Inngang av Arne Garborg

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— IO —

gagn i, viste det seg, at fyrr han kunde hjelpa,
maatte han fyrst hava greie paa so mange ting;
han maatte vita, korleis dette menneskje hadde det
i alle maatar; kva det tenkte og meinte og vilde;
um der var von til, at det kunde naa det det
vilde paa den vegen det hadde tenkt, — med eitt
ord: han kunde kje hjelpa, fyrr han kjende
mennesket. Han tyktest meir og meir raadlaus, som han
stod der med pengeboki si.

Livet i «Festningi» (noko slikt som Vika elder
Vaterland i Oslo) var heilt annleis en han hadde
tenkt. Folket der var ikkje ein flokk «trengande»,
som berre gjekk og svalt og venta paa hjelp; nei,
dei aira fleste var arbeidsfolk, dagarbeidarar,
handverkarar, smaahandlarar, i det heile folk som
hadde eitkvart aa stella med, — folk som greidde
seg sjølve. Smaatt og armt hadde dei det nok,
so det for ein rikmann kunde sjaa reint uliklegt
ut; men dei var vande med det so; dei kuvde
leva med so lite. Og dei klara seg. Mange klara
seg endaa paa ein maate godt. Men fann han
nokon som var i slik naud som den han hadde
tenkt aa finna, beint fram naud, so dei ikkje
kunde berga seg sjølve, — so viste det seg for
det meste, at dei alt hadde fenge hjelp av grannar
og kjenningar, — just av desse same som han
var komen og vilde hjelpa. — Av reine vrak var
det ikkje stort fleire her en i andre samfundslag;
og dei verste, dei mest hjelpelause av dei, var
slike som var komne fraa dei lagi der Tolstoi
sjølv høyrde heime: forkomne adelsmenn,
embæts-folk, offiserar o. s. b. Han saag meir og meir,
at han var komen uppi noko han ikkje forstod.
Livet her var noko for seg sjølv, ei framand verd.
Men folket var i det store og heile som folk
i andre samfundsklassar; ja til slutt maatte han

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 03:57:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/tolstoi/0016.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free