- Project Runeberg -  Tolstoi-boki : ymse stykke /
18

(1897) [MARC] Author: Leo Tolstoy With: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Inngang av Arne Garborg

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— i8 —

svarar paa vondt med godt, han stansar det vonde,
ja vinn ofte sin motmann for det gode, gjer
godt*).

At all krig, tilmed forsvarskrig, soleis vert
fordømd, er sjølvsagt.

Som me ikkje skal utnytta andre, so skal me
helder ikkje vilja herska yver dei. Hermed ryk
staten.

— Som arbeid er Guds fyrste bod til mannen,
so hev kvinna til kall aa vera mor. Dette er eit
so høgt og heilagt kall, at kvinna ved dette — og
aaleine ved dette — vinn full likerett med mannen,
ja ein høgare rett; for mannen skal træla for
kvinna, elska, tena og vyrda henne.

Verdi, kulturen, hev gjort henne til tæve, til
eit fyremaal for sanseleg lyst; so hev ho og lært
aa sjaa seg sjølv (det viser seg mill. a. i maaten
ho klær seg paa); dette er grunnen til, at ho hev
vorte «slave». «Emancipations»strævet kan ikkje
hjelpa henne, men vil gjera henne likso usæl som
mannen er. Gjenom ægteskapet vinn ho sit sanne
liv og si rette høgd; men egteskapet maa vera
reint, ikkje som no vigd hordom elder
sanse-lyst**).

2. Me skal gjera det gode, d. v. s. elska
næsten. «Elska» vil i Jesu munn seia: gjera vei
imot, d. e. gjera væl utan aa venta takk elder løn,
gjera væl for hans, for Guds, for si eigi skuld.

*) Dette hev Tolsloi ofte framme, soleis i sine Russiske
folkelegender», diktverk av eit serskilt slag, parabler kan
ein kalla dei, enkelt og stort og vent fortalde,
folkedikting i beste meining.

*?) Um dette handlar ’(Kreutzersonaten», den mest
miskunns-lause avsløring av det vanlege ægteskap, som vei nokon
gong er gjevi.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 03:57:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/tolstoi/0024.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free