- Project Runeberg -  Tolstoi-boki : ymse stykke /
26

(1897) [MARC] Author: Leo Tolstoy With: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Der det er kjærleik, der er Gud

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

til aa faa sonen ut av tankarne. No laag han
stilt og tok upp att for seg sjølv: «Gud han
æveleg ha takk! Skje din vilje!»

Fraa den tid av var Martin som umsnudd.
Fyrr hadde han som andre brukt aa gaa paa
vertshuset um sundagarne og drikka te elder
brennevin etter som høve kunne. Iser var han
glad naar han raaka saman med ein kjenning som
han kunne sitja og drikka saman med. Og um
han ikkje nett drakk seg full, so vart han daa
jamt paa ein liten lette so han ofte snakka over
seg. Og henda kunne det at han stansa paa gata
og tala til eit framandt menneskje.

No hadde han slutta med dette, og det var
kome ein logn, glad ro over han.

Um morgonen sette han seg til arbeids, og
naar dagsverket var slutt tok han lampen, sette
han paa bordet, fekk boki fram, og gav seg til aa
lesa. Di meir han las di betre forstod han det,
og med kvar dag kjende han seg meir og meir
lett um hjarta. Ein kveld daa Martin hadde grave
seg uvanleg djupt ned i lesnaden kom han til det
sette kapitlet av St. Lukas evangelium til desse
versi:

»Naar ein slær deg paa den eine kinn, so
bjod og den andre fram. Og naar ein tek kappa
di, forhald honom ikkje kjolen helder. Men gjev
kvar den som bed deg. Og tek ein det som ditt
er so krev det ikkje att. Og som de vilja at

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 03:57:56 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/tolstoi/0032.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free