- Project Runeberg -  Tolstoi-boki : ymse stykke /
28

(1897) [MARC] Author: Leo Tolstoy With: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Der det er kjærleik, der er Gud

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)


Med desse tankar vilde han gaa tilsengs; men
det var ilt aa riva seg laus fraa boki, og han las
ein bolk til. Han las um hovudsmannen, um son
til enkja, kva Jesus sa til disiplarne aat Johannes,
og kom til den staden der den rike farisæaren
baud Jesus til seg. Daa han so hadde lese um
kor syndarinna salva Jesu føter og vætte dei med
taaror, og um kor han orsaka henne, kom Martin
endeleg til 44de vers, der det stend:

«Og han vende seg til kvinna, og sa til Simon:
Ser du denne kvinna. Eg kom i ditt hus; du
gav meg ikkje vatn til føterne mine; men denne
her vætte føterne mine med taaror, og turka deim
med sitt hovudhaar. Du gav meg ingen kyss;
men ho heve alt fraa ho kom inn uavlateleg kysst
føterne mine. Du smurde ikkje hovudet mitt med
olje, men ho smurde føterne mine med salve.»

Daa han hadde lese desse versi, tok han
uppatt for seg sjølv: «Han gav korkje vatn til
føterne elder kyss daa han kom, og smurde ikkje
hovudet med olje.» Og han tok brillorne av og
la dei paa boki, og fall paa nytt lag i tankar over
det han hadde lese.

«Etter kva eg ser,» tenkte han ved seg sjølv,
«var farisæaren plent som ein av mine likar. Fyrr
hev eg helder ikkje tenkt paa anna en paa meg
sjølv, vil eg tru; berre eg kunne gjera meg
tilgode med ein kopp te, sitja fjelgt og godt inne,
so kunne det vera det same med gjesten. Eg
kunne nok hugsa meg sjølv, vil eg tru; men

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 03:57:56 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/tolstoi/0034.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free