- Project Runeberg -  Tolstoi-boki : ymse stykke /
32

(1897) [MARC] Author: Leo Tolstoy With: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Der det er kjærleik, der er Gud

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

ventar eg ingen; men det er eit ord eg ikkje kan
faa ut av tankarne. Um det var eit syn eg hadde,
elder kva det var, det veit eg ikkje sjølv. Ser
du, eg sat iaftes og las i testamentet um
Vaarherre Jesus Kristus og um kor han leid daa han
vandra her paa jordi. Du hev høyrt det, kan
eg tru?»

«Ja, eg hev nok høyrt det,» svara Stepànitsch,
«men eg og mine likar hev ikkje lært aa lesa.»

»Ja, det var altso det eg sat og las um,
korleis Jesus vandra her paa jordi, og kor han kom
til farisæaren, og kor den rike farisæaren ikkje
skyna aa ta imot han paa rette maaten. Ser du, det
var just det eg sat og tenkte paa igaarkveld kor det
kunne gaa til at dei ikkje viste Vaarherre og
Frelsar den æra dei skulde. Hadde det hendt
meg elder ein annan, so meiner eg ein hadde kje
visst alt det gode ein vilde gjera. Men han tok
ikkje engong imot han paa den rette maaten. Ser
du, med eg sat og grona paa dette kom svevnen
over meg, og som eg sit der og blundar so
høyrer og einkvan ropa paa meg. Eg reiser meg upp
og det var plent som einkvan hadde kviskra til
meg: imorgo kjem eg. Dette tok seg upp att
eingong til. Vil du no tru meg, eg kan slett
ikkje faa det ut av mine tankar. So dumt
det er, sit eg daa her og ventar at Vaarherre
skal koma.

Stepànitsch riste paa hovudet, men sa kje
noko, tømde koppen sin og la han aa side i fatet.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 03:57:56 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/tolstoi/0038.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free