- Project Runeberg -  Tolstoi-boki : ymse stykke /
34

(1897) [MARC] Author: Leo Tolstoy With: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Der det er kjærleik, der er Gud

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

Men det gjekk likeeins no. So gjer han ein styng,
so glytter han ut paa gata og ventar stødt paa
at Jesus skal koma. Han tenkjer ikkje paa anna.
Jesu liv og ord gjeng stødt i hovudet paa han.

Fyrst kom det tvo soldatar framum. So
verten fraa grannehuset og ein balbersvein med ei
korg. So kom der ei fatig kjering og studde seg
upp til muren like ved glaset. Ho gjekk i
bomullssokkar og fillute sko. Martin saag det paa dei at
dei var fraa ein landsbyskomakar. Han la seg heilt
upp til ruta, for aa skoda betre paa kona. Det
var ei han ikkje hadde set fyrr. Ho var reint
armodsleg klædd og bar eit lite baan paa armen.
Ho stod med ryggen mot snoi og gjorde sitt beste
med aa liva baanet mot vinden, men hadde so
lite aa tulla det inn i. Klædi ho gjekk i var ikkje
til vintersbruk, tunne og elege som dei var.
Martin høyrde gjenom ruta kor baanet skreik, og kor
kona hyssa paa det; men ho var ikkje god til aa
faa det i ro.

Han reiste seg og gjekk upp troppi.

»Du kone der! høyr hit, du kone!« ropte han
til ho. Kona høyrde det og snudde seg. »Kva
stend du der etter i kulda med baanet. Kom
helder her ned i stova. Du hev daa betre av aa
vera der det er varmt med det, veit eg. Denne
vegen.«

Kona vart forbina. Der stod ein gamal mann
med fangskinn og brillor og bad henne inn til seg.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 03:57:56 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/tolstoi/0040.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free