- Project Runeberg -  Tolstoi-boki : ymse stykke /
40

(1897) [MARC] Author: Leo Tolstoy With: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Der det er kjærleik, der er Gud

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)


»No, no, gamle bestemor,« sa Martin. »So
tenkjer menneskja; men Gud tenkjer anleis. Skulde
guten ha ris for det eplet, kva skulde so me ha
for alle synderne vaare?«

Den gamle kona tagde.

Martin fortalde henne no liknelsen um
herremannen som ettergav tenaren all hans skuld,
medan tenaren gjekk av og mest vilde kverka
ein av sine skuldmenner. Kona stod og høyrde
paa; guten slikslag.

»Gud vil at me skal tilgi,« sa Martin tilsist,
»og gjer me ikkje det, so vil han helder ikkje
tilgi oss.«

Den gamle kona riste paa hovudet, og sukka.
»Det er nok altfor sant,« sa ho. »Men desse
fantegutarne hev vorte so uvyrdne at det er ei gru«.

»So maa me gamle sjaa aa visa dei paa rett
veg,« svara Martin.

»Det same seier eg,« meinte kona. »Eg hev
havt sju baan. No hev eg berre ei dotter att.«

So fortalde ho kvar ho og dotteri budde, og
kor mange baanebaan ho hadde. Derpaa sa ho:
»Det er smaatt med krefterne no. Men eg heng
i so godt eg kan. Ein gjer seg so vondt av
smaatyet. Det er slike gilde baanebaan eg hev.
Ingen kan vera meir kjærlege og gode imot meg
en dei. Den vesle Aksjutka heng no stødt etter
meg: Bestemor, besta mi! seier ho.«

Den gamle kona hadde no vorte heilt mjuk
um hjarta. »Nei vist var det ikkje anna en

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 03:57:56 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/tolstoi/0046.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free