- Project Runeberg -  Tolstoi-boki : ymse stykke /
46

(1897) [MARC] Author: Leo Tolstoy With: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Dei tri gamle mennerne

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

- 4 6 -

»Haldt berre ved, godt folk,« sa denne,
»eg hev og hug til aa høyra kva den gode mannen
fortel.«

»Jau, fiskaren her fortel oss um dei tri
gamlingarne,« sa ein kjøpmann fraa byen som var
snøggare paa det en hine.

»Kva for tri gamle ?« spurde bispen, gjekk
nærmare og sette seg paa ei kasse som stod utved
rekkja. »Lat meg og faa lov aa høyra. Kva
valdet du synte folket.«

»Jau det ligg ei liti øy der langt burte.« sa
fiskaren og peikte med handi tilhøgre ut for
fram-stamnen. »Paa denne øyi bur det tri gamle menn
som berre tenkjer paa aa berga sjæli.«

»Kvar er den øyi?« spurde bispen.

»Gjer so væl, høgvyrde bisp, og sjaa der eg
no held handi. Der stend ein liten sky dott, og
ned til vinstre for den kan ein skimte ei stripe.«

Bispen gløste og gløste paa vatnet som laag
der og glitra i soli; men daa han var so lite
sjøvand kunne han ingenting sjaa. »Nei eg ser
ingenting,« sa han. »Men kva er det for folk daa som
bur paa den øyi?«

»Det er tri gudelege menn,« svara fiskaren;
»eg hev lenge høyrt tale um dei og ikkje set dei;
men ifjor sumar fekk eg endeleg sjaa dei.« Og
han gav seg no til aa fortelja kor han dreiv inn
paa øyi ein kveld han var ute og fiska, og ikkje
visste kvar han var komen. So snart det vart
dag gjekk han rundt for aa sjaa seg ikring. Han

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 03:57:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/tolstoi/0052.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free