- Project Runeberg -  Tolstoi-boki : ymse stykke /
52

(1897) [MARC] Author: Leo Tolstoy With: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Dei tri gamle mennerne

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Bispen tok det uppatt, og lét dei gamle
mennerne nemna det etter seg. Han sette seg
ned paa ein stein, med’ dei gamle stod umkring
han og fylgde munnen hans, so dei kunne ta ordi
uppatt etter han. Heile dagen arbeidde bispen
med dei og tok uppatt kvart ord, ikkje ti gonger,
men tjuge, ja hundrad gonger; men gamlingarne
kom ikkje etter det. Han miste likevæl ikkje
tolmodet; men kvar gong ein av dei mistok seg,
retta han paa det og lét alle tri taka paa att fraa
fyrst av. Han gav seg ikkje fyrr dei hadde lært
bøni utor, so dei kunne lesa ho baade isaman og
kvar for seg. Den eldste var den som fyrst lærde
ho, og daa han var ferdig, gav bispen seg til med
dei tvo andre, til dei med kunne heile bøni.

Det tok til aa skymest, og maanen hadde alt
vist seg over havflata fyrr bispen reiste seg og
tok umbord. Daa dei skildest, fall gamlingarne
paa kne for han; men han lyfte dei kjærlegt upp
og kyste kvar iser, og mana dei til aa beda som
han hadde lært dei. Sette han seg so i baaten
og siglde ut til skipet.

Paa vegen dit ut høyrde han kor dei tri
gamlingarne las Herrens bøn med høgt maal. Daa
han kom ut til skipet høyrde han nok ikkje meir
til dei, men ein kunne enno i maaneskinet sjaa
kor dei stod paa same flekken. Daa bispen var
komen umbord, vart ankeret letta og skipet siglde
vidare. Bispen sette seg i bakstamnen og sat der
stirde mot øyi. I fyrstningi saag han enno dei

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 03:57:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/tolstoi/0058.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free