- Project Runeberg -  Tolstoi-boki : ymse stykke /
64

(1897) [MARC] Author: Leo Tolstoy With: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Myrkemagterne elder naar du gjev fanden ein finger, tek han heile handi : spel i 5 vendingar - Fyrste vending - Sjette koma - Sjaunde koma

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

- 64 -

Anisja. Kva er det med deg ? (spring upp og
ser seg um etter noko aa slaa med). Pas deg, at du
ikkje fær ein over nakken!

Akulina (spring upp). Slik ein eitrande djevel!
Uff for eit ubeist! ein rein satan! (spring ut).

Anisja (aaleine. Tankefull). «Lat meg sjaa du
kjem ut til oss naar eg skal ha bryllaup», seier
han. Kva er det dei hev fyre? Vil dei ha guten
gift? No, Nikita, gjeng du med dei tankar, skal
eg nok visa deg . . . Eg kan ikkje liva utan han.
Nei, eg slepper han ikkje.

Sjaunde koma.

Anisja og Nikita.

Nikita (stig varlegt inn i stova. Daa han ser at Anisja
er aaleine, gjeng han snøgt burt til ho og kviskrar). No,

tuppa mi, det ser godt ut! Gamlingen er her og
vil hava meg fraa garden. «Det er paa tide at me
fær deg gift», seier han, «og at du kjem heimatt».
Kva gjev du meg for det?

Anisja. So gift deg, kva skil det meg?

Nikita. Det var rart! Eg gjeng gronar paa
kor ein best skal klara tingen, og so seier ho:
gift deg! Kor heng det saman? (Blinkar til ho). Hev
du kanskje gløymt? . . .

Anisja. Gift deg berre du. Eg skal ikkje
graata for det.

Nikita. Kvi er du so bisk? Nei sjaa, ein
skal ikkje faa kjæla for ho helder! Kva er det
i vegen med deg?

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 03:57:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/tolstoi/0070.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free