- Project Runeberg -  Tolstoi-boki : ymse stykke /
67

(1897) [MARC] Author: Leo Tolstoy With: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Myrkemagterne elder naar du gjev fanden ein finger, tek han heile handi : spel i 5 vendingar - Fyrste vending - Sjaunde koma - Aattande koma

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

- 6; -

Anisja. Det er det du skal koma ihug.
Gamlingen min kan gaa av og døy ein av dagarne,
og so er det ende paa all denne synd. Me vigjer
oss, og so vert du mannen i huset.

Nikita. Den tid, den sorg. Eg for min part
arbeider som var det for meg sjølv. Husbond
held av meg for det. Kona hans hev og eit godt
auga til meg; men at kjeringarne ser blidt til meg,
er daa ikkje mi skuld, veit eg.

Anisja. Vil du so halda rett av meg?

Nikita. Um eg vil! (tek henne i fanget.) So
lenge hjarta pikkar i livet paa meg . . .

Aattande koma.

Dei fyrre og Matrøna.

(Med same Matrøna kjem inn, skvett dei fraa kvarandre).

Matrøna (krossar seg lenge for helgenbilætet i den eine
kroken av stova). Bevars! Eg hev korkje høyrt elder
set noko. Du fjasa nok litt med den unge kona,
men kva gjer det? Um det so er ein kalv, hev
han hug til aa leika eingong imillom. Kvi skulde
ein ikkje fjasa litt i ungdomen ? Men kva eg vilde
seia, sonen min, far er ute og vil tala med deg.

Nikita. Eg var berre inn etter øksi.

Matrøna. Javisst. Eg veit nok kva øks det
var. Ho er altid der kvinfolka er.

Nikita (gjeng burt til omnen og tek øksi). Kor er
det so, mor ? Er det verkeleg aalvor med det

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 03:57:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/tolstoi/0073.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free