- Project Runeberg -  Tolstoi-boki : ymse stykke /
72

(1897) [MARC] Author: Leo Tolstoy With: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Myrkemagterne elder naar du gjev fanden ein finger, tek han heile handi : spel i 5 vendingar - Fyrste vending - Nianda koma

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 72 —

oss med nokre pengar, so lat han berre vera her
han er.

Anisja. Skulde Nikita gaa fraa oss — nei eg
held det ikkje ut!

Matrona. Aa, eg skynar det godt. Naar ein
er ung . . . Det er misann ikkje spøk for ei kone
som du i sine beste aar aa maatta liva med slik
ein gamal utsliten trepinn.

Anisja. Aa, Matrøna! visste du kor lei og
kjei eg er av denne gamle huskrossen eg maa
dragast med! Eg kvider mot aa sjaa han for mine
augo.

Matrøna. Ja du maa so seia. — Sjaa no
eingong kva eg hev her (ser seg vårt ikring). Eg var
av til han du veit etter det pulveret. Han gav
meg tvo slag. Desse her, seier han, er til aa sova
paa. Eit av dei, seier han, er nok for eit mennekje
til aa falla i slik ein svevn, at ein gjerne kan gaa
paa han utan at han merkar det. Dette andre, seier
han, er noko ein kan ha i drykk; det gjev ingen
usmak, men det skal vera svært kor det virkar.
Her er til sju gonger, med eit pulver um gongen.
Lat henne berre gi det sju gonger, seier han, so
skal ho snart vera fri.

Anisja (forskræmd): Aa! Men kva er det?

Matrøna. Etterpaa, seier han, er det ingen
som kan sjaa elder merka noko. Han tok ein
rubel for det. Mindre kunne det ikkje vera, sa
han, for det er ikkje so lett aa faa tak i det. Eg
gav han den siste rubel eg hadde; eg tenkte som

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 03:57:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/tolstoi/0078.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free