- Project Runeberg -  Tolstoi-boki : ymse stykke /
75

(1897) [MARC] Author: Leo Tolstoy With: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Myrkemagterne elder naar du gjev fanden ein finger, tek han heile handi : spel i 5 vendingar - Fyrste vending - Ellevte koma

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Matrona. Det er no helder ingi hast. Det
er ikkje med giftarmaal som med aa baka
pannekake. Guten kan no venta med giftarmaalet sitt
ei stund enno.

Peter. Men um de no vil ha han gift, so
eider daa ikkje noko gale i det.

Akini. Ja det vore væl um det kunne koma
istand, for tingen er, der er eit lite høvelegt
arbeid inni byen, sodan eit nett lite arbeid, som
ein seier, og som løner seg . . ,

Matrøna. Jamen sa eg det! kjøyra med
nat-vogni. Eg hadde nær kasta upp daa han kom
heim igaar. Fy for styggedom!

Akim. Sant nok, i fyrstningi feil det liksom
litt for bringa; men naar ein vert vand med det,
gjer det ikkje noko, og tingen er, det løner seg.
Um det riv litt i nasa, so er det noko som folk
av vaare likje ikkje maa taka ille upp. Ein kan
skifta klæde naar ein kjem heim. Nei Tingen er,
Nikita skulde helst vera heime. So kunne han
greie stellet der, med’ eg tenar ein skilling i byen.

Peter. At du vil hava sonen heim, er som
det skal. Men kor skal me so stella det med
pen-garne som de hev teke upp paa løni ?

Akim. Det er eit sant ord, Ignatisch. Leige
gjeng for eige, som dei seier, og hev han leigt
seg burt, maa han og tena tidi ut. Men tingen
er, det vilde vera godt aa faa han gift. So kunne han
koma heim so for eit bil, og ikkje meir.

Peter. No, det kunne la seg gjera.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 03:57:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/tolstoi/0081.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free