- Project Runeberg -  Tolstoi-boki : ymse stykke /
77

(1897) [MARC] Author: Leo Tolstoy With: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Myrkemagterne elder naar du gjev fanden ein finger, tek han heile handi : spel i 5 vendingar - Fyrste vending - Ellevte koma

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 77 —

Akim. Der tek du imist, mor. Det er plent
ikkje so det heng saman. Tingen er, Peter
Igna-tisch, tingen er . . .

Matrøna. Eg høyrer ikkje anna av den
kjære sjæl eg hev til mann en »tingen er« og
»tingen er«; men kva tingen er, det veit han
ikkje sjølv. Vil du kje tru meg, Peter Ignatisch,
so kan du spyrja deg fyre hjaa andre. Du skal
faa sjaa at alle seier som eg, at det er skit til
taus, regtig ei rennebikkje.

Peter. Nei veit du, Akim, er det paa den
maaten, so hastar det ikkje med giftarmaalet. Ei
sonakone vert ein ikkje so lett kvitt naar ein fyrst
hev fenge ho i huset.

Akim (talar seg varm). Det er synd kva du der
seier, mor, synd for gjenta. Tingen er, det er ei
flink gjente, rett ei flink gjente, som dei seier; og
det gjer meg vondt for henne, rett vondt, det er
tingen.

Matrøna. Aa den olmosen! Han skal no
altid graata over andre; men um me der heime
sit brødlause, det gjer ikkje noko. Du tykjer
synd i tausi, seier du; men sonen din tenkjer du
ikkje paa. Du skulde hengja henne i eit reip um
halsen paa deg, naar du held so av ho. Lat det
no vera nok med dette tullet.

Akim. Nei det er ikkje tull. Eg seier
deg . . .

Matrøna. Gjer deg no berre ikkje til, men
lat meg faa tala.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 03:57:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/tolstoi/0083.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free