- Project Runeberg -  Tolstoi-boki : ymse stykke /
83

(1897) [MARC] Author: Leo Tolstoy With: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Myrkemagterne elder naar du gjev fanden ein finger, tek han heile handi : spel i 5 vendingar - Fyrste vending - Ellevte koma

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

- 83 -

Peter. Ja kva seier du so, far Akim?

Akim. Eg? Jau for meg kan han gjerne
ha sin vilje, naar han berre ikkje, som dei seier
.... Tingen er, eg vilde nok helst, som dei
seier ....

Matrøna. Aa, du veit ikkje sjølv, kva du
seier. Guten vert her han er. Sjølv hev han
ingen hug til aa taka burt. Kva hev han heime
aa gjera? Det arbeidet greier me nok sjølve.

Peter. Eg vil berre seia deg ein ting, Akim :
tek du han heim i sumar, hev eg ingen bruk for
han til vinteren. Skal han vera her, maa det
vera for aaret.

Matrøna. Ein kan vita det. Skulde me
turva hjelp til hausten kan me altid faa oss ein
arbeidsmann. Nikita vert her, og dei ti rublarne . . .

Peter (til Akim). Kva vert det so til ? Skal
det so vera for eit aar?

Akim (med ein tung sukk). Naar det ikkje
an-leis kan vera, so lyt det so vera.

Matrøna (til Peter). No, so stend den ting
fast: Nikita vert her eit aar til. Kva løni
vedkjem, so er du ikkje den mann som gjer nokon
uskjel, og guten fær nok det han er verd. Dei
ti rublarne vilde eg likevæl gjerne be deg um aa
lata oss faa med det same. Me treng so saart
til dei. Seg ikkje nei, Peter Ignatisch, det bed

eg deg um. (reiser seg og nigiar djupt for han).

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 03:57:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/tolstoi/0089.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free