- Project Runeberg -  Tolstoi-boki : ymse stykke /
84

(1897) [MARC] Author: Leo Tolstoy With: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Myrkemagterne elder naar du gjev fanden ein finger, tek han heile handi : spel i 5 vendingar - Fyrste vending - Tolvte koma

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

- 84 -

T olvte koma.

Dei fyrre, Anisja og Anjutka.

Anisja (set seg tagall ved omnen.)

Peter. Nei naar me fyrst er forlikte, skal
det ikkje vera noko i vegen for det fraa mi side.
No, far Akim! Lat oss so gaa nedi vertshuset
og faa oss ein snaps. Me maa daa drikka paa det.

Akim. Eg drikk ikkje brennevin.

Peter. So kan du faa te.

Akim. Te drikk eg, det er sant.

Peter. So fær kjeringarne seg ein kopp
med det same. — No Nikita, gløym so ikkje aa
jaga inn sauderne og hakka halmen.

Nikita. Ja vei.

(Alle gjeng so nær som Nikita. Det tek til aa skymest.)

Nikita (kveikjer ein sigarett og røykjer). Dei hadde
det anvint! Der skulde ein diska upp med all
den hendesløyse ein hev havt med tauserne!
Det vilde ta lang tid med det. Du maa gifta
deg med ho, seier dei. Jau, eg seier so mange
takk. Skulde ein gifta seg med alle dei tauser
ein kjem ut for, so fekk ein nok mange konor.
Kvi skal eg gifta meg naar eg kan ha det likso
godt som ungkar ? Folk reint ovundar meg. Rart
nok! Det var nett som eg hadde fenge ein dunk
i ryggen, daa eg krossa meg for helgenbilætet.
Men det er tingen: strakst var det slutt paa heile
vrøvlet. Det skal vera faarlegt, seier dei, aa
gjera eid paa noko som ikkje er sant. Men det

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 03:57:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/tolstoi/0090.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free