- Project Runeberg -  Tolstoi-boki : ymse stykke /
85

(1897) [MARC] Author: Leo Tolstoy With: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Myrkemagterne elder naar du gjev fanden ein finger, tek han heile handi : spel i 5 vendingar - Fyrste vending - Tolvte koma - Tolvte koma

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

- 85 -

er berre dumt prat. Det er slett ikkje noko i det.
Det heile er ganske beintfram.

Tolvte koma.
Nikita og Akulina.

Akulina (kjem inn med eit reip i handi som ho legg
fraa seg ved døri og gjeng so burt til sidekammerset til høgre).

Du kunne elles gjerne ha kveikt i lampen.

Nikita. For aa faa sjaa paa deg, kanskje?
Eg ser deg likso godt utan ljos.
Akulina. Pass deg sjølv!

Anjutka (kjem farande inn og kviskrar til Nikita).

Nikita! Skund deg ut. Det er eit menneskje
som spør etter deg. Hjelpe meg Gud!
Nikita. Kven er det?

Anjutka. Marina fraa jarnvegen. Ho stend
utfor novi.

Nikita. Du lyg, veit eg?
Anjutka. Hjelpe meg til Gud!
Nikita. Kva vil ho?

Anjutka. Ho sa du skulde koma. »Eg maa
tala eit par ord med Nikita«, sa ho. Eg spurde
kva det var; men ho vilde kje ut med det. Ho
spurde berre etter um det var sant at du tok
fraa garden. Eg sa nei, og fortalde henne at far
din vilde ha deg heim og gi deg ei kone; men
at du vart her vinteren over. Ho bad so hjarteleg
at eg endeleg maatte faa deg ut. »Eg maa plent
tala eit par ord med han«, seier ho. Ho stend
no ute og ventar paa deg. Skund deg ut.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 03:57:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/tolstoi/0091.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free