- Project Runeberg -  Tolstoi-boki : ymse stykke /
86

(1897) [MARC] Author: Leo Tolstoy With: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Myrkemagterne elder naar du gjev fanden ein finger, tek han heile handi : spel i 5 vendingar - Fyrste vending - Tolvte koma

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 86 —

Nikita. Lat henne berre staa med Gud.
Kva skal eg der?

Anjutka. Ho seier, at kjem du ikkje, so
gjeng ho beint inn i stova til deg. Hjelpe meg,
ho seier!

Nikita. Aa ho vert nok kjei av det, og
gjeng.

Anjutka. Ja, so sa ho det med: »Han skal
nok giftast med Akulina?«

Akulina (reiser seg fraa rokken og kjem nærmare).
Kven skal gifta seg med Akulina?

Anjutka. Nikita.

Akulina. Hev ein høyrt so gale! Kven er
det som kjem med slikt?

Nikita. Det er vei berre slikt folkedrøs. Kva
meiner du forresten, Akulina? Kunne du kje
igrunnen ha hug til aa gifta deg med meg ?

Akidina. Med deg? Fyrr kan det nok henda
eg hadde lyst; men no skal eg ikkje ha noko
av det.

Nikita. Kvifor ikkje ?

Akidina. Fordi du ikkje vil halda av meg.

Nikita. Korfor ikkje det?

Akidina. Du fær ikkje lov (lær).

Nikita. Kven for?

Akulina. For stykmor mi. Ho passar daa
paa som ein smed og gjev vondt fraa seg, berre
ein røer med deg.

Nikita (lær). Høyr paa henne! Du hev elles
augo med deg.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 03:57:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/tolstoi/0092.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free