- Project Runeberg -  Tolstoi-boki : ymse stykke /
87

(1897) [MARC] Author: Leo Tolstoy With: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Myrkemagterne elder naar du gjev fanden ein finger, tek han heile handi : spel i 5 vendingar - Fyrste vending - Tolvte koma

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Akulina. Eg? Og kva rart er det so i det?
Eg er daa ikkje blind veit eg. So som ho ringde
for øyro paa far idag. Skam faa ho, den heksi!

(gjeng inn i kammerset).

AnjUtka (som hev sete og kika utgjenom glaset).

Nikita! Sjaa her! Der er ho. Gud hjelpe megl
Eg Spring. (Spring ut).

(Marina kjem inn).

Marina. Kva er det du stilar paa med meg?
Nikita. Kva eg stilar paa? Ingen ting.
Marina. Du vil slaa upp med meg?
Nikita (reiser seg. Harm). Kva skal det vera
til at du kjem her?

Marma. Aa, Nikita!

Nikita. Det er rar aatferd. Kva vil du her ?
Marina. Nikita!

Nikita. Kva er det? Eg veit nok eg heiter
Nikita. Men kva vil du her? Gakk din veg,
seier eg.

Marina. No ser eg det: Du vil verta kvitt
meg. Du vil sjaa aa gløyma.

Nikita. Eg veit ikkje kva der er til aa
minnast. Veit du det kanskje? Fyrst sender du
Anjutka inn etter meg; men den som ikkje kom,
det var eg. So kunne du daa ha skyna, at eg
ikkje hev bruk for deg. Den ting er grei nok.
Du kan likso godt gaa din veg strakst!

Marina. Ikkje bruk for meg? Du hev ikkje
bruk for meg meir. Og eg som trudde deg,

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 03:57:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/tolstoi/0093.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free