- Project Runeberg -  Tolstoi-boki : ymse stykke /
92

(1897) [MARC] Author: Leo Tolstoy With: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Myrkemagterne elder naar du gjev fanden ein finger, tek han heile handi : spel i 5 vendingar - Andre vending

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Akulina. Anjutka? ho er ute og gjæter
kalvarne.

Anisja. Bed ho koma inn til meg. Kalvarne
kan syta seg sjølve.

(Akulina samlar klædi saman og gjeng).

Anisja (aaleine). Gjen’g eg ikkje so vert her
eit hus; og gjeng eg so gjev han systeri
pen-garne; og alt det eg hev gjort er til ingen nytte.
Kva skal eg so gripa til ? Det er som hovudet
mitt vilde klovna ! (gjev seg til arbeidet sitt).

(Matrøna kjem inn i lang kaape med stokk i handi og
ein pose paa aksli).

Matrøna. Guds fred, vesle mor!

Anisja (snur seg, kastar arbeidet og slær henderne
saman av glede). Matrøna! Nei du kjem daa som
du var kalla. -Viste du . . .

Matrøna. Kva er paa tids?

Anisja. Eg var nær ved aa gaa fraa vitet.
Aa for ei vanlukke! . . .

Matrø7ia. Han liver enno, høyrer eg.

Anisja. Aa Gud fri oss for det liv! Vilde
han endaa leggja seg til aa døy; men han kan
korkje liva elder døy.

Matrøna. Han hev vei ikkje gjeve pengarne
til nokon?

Anisja. Nett no bad han oss senda bod ett
systeri. Det kan ikkje vera for anna en pengarne
si skuld.

Matrøna. Me vite det. Berre han ikkje hev
gjeve dei til andre ?

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 03:57:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/tolstoi/0098.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free