- Project Runeberg -  Tolstoi-boki : ymse stykke /
93

(1897) [MARC] Author: Leo Tolstoy With: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Myrkemagterne elder naar du gjev fanden ein finger, tek han heile handi : spel i 5 vendingar - Andre vending

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 93 —

Anisja. Var det likt! Eg hev gjætt paa
han som ein smed.

Matrøna. Men kvar er dei daa?

Anisja. Det fortel han ikkje. Og ikkje er
eg istand til aa koma etter det. Han gjøymer
dei snart her og snart der. Og eg maa agta
meg for Akulina, so ho ikkje merkar noko. So
dum ho er, skal ho daa ha nasa med i alting.
Aa, eg arme menneskje! Eg er reint øydelagd.

Matrøna. Ja, fluga mi! Kjem pengarne i
framande hender, so ser det gale ut for deg. Dei
jagar deg fraa garden, og du fær ikkje so mykje
som kan liggja paa handebaket mitt. Der hev
du ditt arme ting pint og plaga deg i dine beste
aar med ein mann som du ikkje hev brydt deg
um, og so kan du som enkje faa lov aa gaa
um-kring og tigga.

Anisja. Det maa du nok seia, Matrøna. Eg
er so forpint, at eg veit ikkje kva eg skal taka
meg til, og her er ikkje eit menneskje til aa
raadføra seg med. Eg nemde det for Nikita;
men han torer ikkje leggja seg uppi det. Han sa
berre igaar at dei er gjøymde under golvet.

Matrøna. Hev du set etter?

Anisja. Eg kunne kje. Han passar paa heile
dagen. Eg hev berre lagt merke til at stundom
hev han dei hjaa seg, og til andre tider gjøymer
han dei einkvar stad.

Matrøna. Eg seier deg, baane mitt, at gjeng
du av og gjer toskeskap her, kan du faa svida

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 03:57:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/tolstoi/0099.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free