- Project Runeberg -  Tolstoi-boki : ymse stykke /
95

(1897) [MARC] Author: Leo Tolstoy With: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Myrkemagterne elder naar du gjev fanden ein finger, tek han heile handi : spel i 5 vendingar - Andre vending

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 95 —

Matrøna. De syter vei for at presten kjem
og gjev han den siste olje?

Anisja. Ja, etter som folk seier maa det
vera helsotti han dregst med. Liver han til
imorgo, maa me senda bod etter presten.

Aksinja. Det maa vera hardt for deg,
Anisja 1 Det er som dei seier for eit gamalt
ord : «Berre den veit kvar skoen klemmer som
hev han paa.»

Anisja. Ja berre me snart fekk ein ende
paa det, kva det no vert til.

Aksinja. Det trur eg. Der hev han no lege
sjuk eit heilt aar og kan korkje liva elder døy.
Du er daa bundi paa hand og fot.

Matrøna. Aa, det er ikkje so endetil aa
sitja enkje helder. Det kan gaa an so lenge ein
er ung; men er ein til aars, so er det ingen
meir som vyr paa ein. Alderdom er gledetom.
Um eg no skal nemna meg sjølv. Det er ikkje
lang stubben heimanfraa og hit; men er eg ikkje
so utasa at eg knapt kan staa. — Kvar er Nikita?

Anisja. Han er ute og pløgjer. Gakk innfor
døri. Eg skal kveikja upp, so kan me faa oss
ein kopp te, med’ me lettar hjarta for kvarandre.

Matrø7ia (set seg paa benken utanfor huset). Ja eg
kan nok turva det. Eg er so trøytt, so trøytt.
Kva det vedkjem at han fær den siste olje, so
er det noko som maa til, det er visst. Det skal
gjera so godt for sjæli, som dei seier.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 03:57:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/tolstoi/0101.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free