- Project Runeberg -  Tolstoi-boki : ymse stykke /
98

(1897) [MARC] Author: Leo Tolstoy With: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Myrkemagterne elder naar du gjev fanden ein finger, tek han heile handi : spel i 5 vendingar - Andre vending

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

- 98 -

hadde gjeve meg det styggetyet, og ikkje leidt
meg ut i all denne freisting. Berre eg tenkjer
paa det, kryp det i kvar ei aadr. Aa, kvi gav
du meg det!

Matrona. Kvar vil du hen ? Vaarherre
bevars! Er det no eg som skal ha skuldi for det
heile? Nei det seier eg deg, Anisja, skulde det
koma ein knyst um dette, so er eg utanfor alt.
Eg veit ikkje det allerminste. Eg kysser krossen
paa, at eg korkje hev høyrt elder set elder gjeve
noko slags pulver, ja at eg ikkje eingong veit at
det bid slikt slag til. Tenk deg um. Det er
ikkje lenger en sidan igaar me sat der heime og
rødde um kor vondt du hev det, arme ting. Dag
ut og dag inn aa gaa dragast med ei halvtullutt
stykdotter, og éin sjuk og stakkarsleg mann, det
er daa reint ei syndestraff! Eg veit ikkje sjølv
kva eg kunne finna paa um eg var i din stad.

Anisja. Eg gjer meg helder ikkje betre en
eg er. Slikt eit hundeliv kan nok gjera helvete
heitt, so ein ikkje berre finn paa sovore, men . . .
Der er ikkje anna fyre en aa gaa hengja seg,
elder so sjaa aa faa han ut or verdi. Er dette
eit liv?!

Matrona. Det kan du nok seia. Men der
er ingi tid aa spilla. Fyrst maa du sjaa finna
pengarne, og sidan gi han litt av teen.

Anisja. Aa, eg arme menneskje! Eg veit
slett ikkje kva eg skal gjera. Det kjem slik ein
angest over meg. Nei berre han vilde døy av

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 03:57:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/tolstoi/0104.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free