- Project Runeberg -  Tolstoi-boki : ymse stykke /
99

(1897) [MARC] Author: Leo Tolstoy With: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Myrkemagterne elder naar du gjev fanden ein finger, tek han heile handi : spel i 5 vendingar - Andre vending

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 99 —

seg sjølv! Ein vil daa so traude ha det paa
samvitet.

Matrøna (inntrengjande). Men kvi seier han daa
ikkje kvar han hev pengarne? Elder vil han ha
dei med seg i kista, so ingen skal faa godt av
dei? Er det pent, kanskje? Gud fader bevars!
Slik ein pengeslump, og so tenkja seg at dei
skal gaa fen i vald, berre avdi han er tullen! Er
det daa ikkje forherdigt! Kor er det han ber
seg aat ? Kva er det vei aa bry seg um ein
sodan kar?

Anisja. Eg veit ikkje sjølv kva eg skal tru.
Det er mang ein gong so det leitar po vitet.

Matrøna. Kva veit du ikkje ? Det er daa
greidt nok. Triv du ikkje rett til no, so vil du
trega det til din dødsdag. Han gjev systeri
pengarne, og so kan du sjaa kvar det vert av deg.

Anisja. Ja det er sant; han bad um at ho
skulde hentast. So maa eg gaa.

Matrøna. Nei vent no, og gjer helder
temaskina istand. Han maa ha noko aa drikka att,
og medan lyt me sjaa faa tak i pengarne. Naar
me er tvo um det, so finn me dei nok.

Anisja. Aa, berre det ikkje gjeng gale!

Matrøna. Og kva so ? Kva er det aa æva
seg for? Det kan lite nytta aa gaa sukka over
pengarne naar ein ikkje fær tak i dei. Ein maa
nok ta anleis fat.

Anisja. Godt, so skal eg gaa inn og laga te.

Matrøna. So ja! .det var rett; og lat meg

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 03:57:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/tolstoi/0105.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free