- Project Runeberg -  Tolstoi-boki : ymse stykke /
107

(1897) [MARC] Author: Leo Tolstoy With: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Myrkemagterne elder naar du gjev fanden ein finger, tek han heile handi : spel i 5 vendingar - Andre vending

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 107 —

Nikita. Ver du trygg. Han gjøymer dei
ikkje.

Anisja. Aa, Nikita! Han hev sendt bod
etter systeri. Det er ho som skal ha dei. Kor
skal so me tvo greia oss naar han gjev burt
pen-garne? Eg vert jaga fraa garden. Nei, du maa
daa endeleg hjelpa meg til. Du sa at han igaar
var inne i det vesle kammerset?

Nikita. Eg saag at han kom ut derifraa;
men kva han gjorde der, det maa Vaarherre vita.

Anisja. Aa Herregud! Eg maa inn og sjaa
etter, (vil gaa. Nikita dreg seg attende).

Matrøna (kjem varlegt ut gjenom døri og kviskrar).
Nei gakk berre ingen stad. Han hev pengarne
paa seg. Dei ligg paa bringa hans. Eg kjende
sjølv at dei var der.

Anisja. Aa Herregud!

Matrøna. Knip du dei ikkje no, kan du bita
deg i fingrane sidan. Fær han fyrst tala med
syster si, kan du seia du hev set dei.

Anisja. Ja systeri er paa vegjer, og naar ho
kjem, so fær ho dei. Aa, kva skal eg daa gjera
mitt arme ting?

Matrøna. Kva du skal gjera? Det skal eg
seia deg. Temaskina er i kok. Gakk so inn og
lag teen istand, og ha i det som er i det vesle
papiret. Hev han fyrst fenge ein kopp av det,
so skrap du pengarne til deg. Du kan vera trygg;
han seier det ikkje til nokon.

Anisja. Eg er so rædd.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 03:57:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/tolstoi/0113.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free