- Project Runeberg -  Tolstoi-boki : ymse stykke /
111

(1897) [MARC] Author: Leo Tolstoy With: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Myrkemagterne elder naar du gjev fanden ein finger, tek han heile handi : spel i 5 vendingar - Andre vending

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 117 —

garne er det,» seier han, «som driv naglen.» So
du ser, far, at det gjeld aa ha eit auga paa kvar
finger.

Nikita. Kva skil det meg ? Det er daa hennar
pengar, og daa kan ho sjølv staaka med det.

Matrøna. Kor kan du no tala so, far. Er
eit kvinfolk istand til aa klara for seg? Um ho
fær tak i pengarne, kor skal ho so klara for seg?
Eit kvinfolk er og vert eit kvinfolk; men du er
daa ein mann. Du veit aa løyna det andre ikkje
skal sjaa. Du hev no altid meir vit, naar det
kjem til stykket.

Nikita. Det er ingi utkome med dykk
kvinfolk. De kan ikkje taka imot fornuft.

Matrøna. Korleis er det? Hogg no du
pengarne, so hev du magti over matmor. Og skulde
ho sidan setja seg paa høganhest, so veit me nok
det som kan temja.

Nikita. Lat meg no berre vera. Eg gjeng
min veg.

Anisja (kjem bleik i anlitet farande ut av huset og
spring burt til Matrøna). Han hadde dei paa seg. Her
er dei. (syner noko ho held under fyrklædet).

Matrøna. Gjev dei til Nikita, so skal nok
han ta vare paa dei. Nikita! tak dei no og
gjøym dei.

Nikita. Ja, kom so med dei daa.

Anisja. Aa Gudfader 1 Eg trur nok at eg
sjølv .... (gjeng burt til porten).

Matrøna (triv henne i armen). Kvart hev du tenkt

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 03:57:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/tolstoi/0117.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free