- Project Runeberg -  Tolstoi-boki : ymse stykke /
114

(1897) [MARC] Author: Leo Tolstoy With: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Myrkemagterne elder naar du gjev fanden ein finger, tek han heile handi : spel i 5 vendingar - Tridje vending

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 114 —

Tridje vending.

(Uttstyret fraa fyrste vending. Millom andre og tridje
vending er det gjenge ni maanader).

(Anisja. Simpelt klædd, sit og arbeider ved vevstolen.
Anjutka ligg paa omnen. Mitritsch kjem varlegt inn og tek
av seg trøya).

Mitritsch (sukkar). Gud naade oss! — Er daa
husbond ikkje komen enno ?

Anisja. Kva seier du?

Mitritsch. Er kje Nikita endaa komen heim att
fraa byn?

Anisja. Nei.

Mitritsch. So hev han nok rett kome paa
lesterne. Aa Herregud !

Anisja. Hev du so gjort fraa deg uppi løda?

Mitritsch. Ja det skulde eg tru. Alting er i
si ordentlegheit. Eg bryr meg ikkje um aa tuvsa
med det eg gjer. — Aa Herregud! — Det var
elles paa tid um han vende nasa heimatt no.

Anisja. Kvi skal han vei skunda seg med
det? Han hev daa pengar i lutnma og leikar seg
godt med tauserne.....

Mitritsch. Ja det er sant; kvi skal ein ikkje
ha moro ,naar ein hev pengar i lumma? Kva
skulde elles Akulina i byen?

Anisja. Det maa du nok spyrja um, kva
fen ho vilde der.

Mitritsch. Ja det kan eg ikkje skyna, kva
ho vilde der. Der er fullt upp av alt, naar ein
berre hev aa betala med. Aa Herregud!

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 03:57:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/tolstoi/0120.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free