- Project Runeberg -  Tolstoi-boki : ymse stykke /
115

(1897) [MARC] Author: Leo Tolstoy With: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Myrkemagterne elder naar du gjev fanden ein finger, tek han heile handi : spel i 5 vendingar - Tridje vending

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 115 —

Anjutka. Ja mor, eg høyrde det sjølv. «Eg
skal kjøpa eit tørklæd til deg,» sa han; Gud
hjelpe meg! det sa han, «og du kan sjølv velja
kva for eit du vil,» sa han. Aa mor, du skulde
berre ha set kor ho var pynta; overstykket av
plyds, og eit fransk-tørklæd um hovudet.

Anisja. Det er visst og sant: «unge gjentor
hev tie sinn over ein dørstokk.» Berre dei er
ute paa eigi hand, so er dei som dei var galne.
Ho skulde rett skamme seg!

Mitritsch. Haa! Kva skulde ho skamma seg
for ? Pengarne er der, og so hev ein moro.
Aa Herregud! — Det er vei for tidleg aa eta til
kvelds enno? (Anisja teier). So vil eg upp og varma
meg litt so lenge, (kryp uppaa omnen). Aa
Herregud! Du Guds mor! Mikola du barmhjartige!*)

Aksinja (kjem inn). Han er nok ikkje attkomen
endaa, høyrer eg?

Anisja. Nei.

Aksinja. Det kunne no elles vera tid til. Han
skulde vei ikkje sitja her burt paa vertshuset? Eg
høyrde nett at det var komne hestar fraa byn dit.

Anisja. Anjutka! Høyr hit, Anjutka!

Anjutka. Kva er det?

Anisja. Spring burt i vertshuset, Anjutka,
og høyr; kanskje hev han i fylla teke inn der.

*) Mikola for Nikolaj, helgen som Mitritsch er uppkalla
etter.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 03:57:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/tolstoi/0121.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free