- Project Runeberg -  Tolstoi-boki : ymse stykke /
132

(1897) [MARC] Author: Leo Tolstoy With: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Myrkemagterne elder naar du gjev fanden ein finger, tek han heile handi : spel i 5 vendingar - Tridje vending

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 132 -—

Nikita. Høyr, far, ver no ikkje vond paa
meg. Du trur at eg er full? Men eg er mann
for aa gjera radt kva det er; for ein skal nok
drikka, men ikkje drikka vitet vekk. Her kan du
sjaa, far; eg kan svalla med deg um kva det
skal vera. Eg minnest alt. Du tala um pengar.
Den gamle øyken var krepert; eg hugsar det
nok. Det skal me nok greia; me magtar nok
det. Var det ein svær sum, so laut ein nok be
um aa faa venta; men dette skal me nok greia.
Pengarne er her! (slær seg paa lumma).

Akim (steller med fottyet). Nei, far min. Det er

som med isen um vaaren.....det er ikkje

den vegen me skal.

Nikita, Kva meiner du med det? At det
ikkje er verdt aa røa med ein full mann? Ver du
trygg. No drikk me te, og du skal sjaa at eg er
mann til aa gjera rett, kva det so er.

Akim (rister paa hovudet). Aa Gud hjelpe oss!

Nikita. Her er pengarne. (rotar i lumma etter
setelboki. Tek upp ein tirubel-setel). Der hev du til
hesten. Verso god. Eg er ikkje den mans son
som gløymer far sin. Tak han no, ikkje noko
tull. Det er væl unt. (Gjeng burt til Akim og vil fli
han pengarne). Tak dei no naar du fær dei. Det er
væl unt, seier eg.

Akim. Nei, eg kan ikkje taka dei.....

Eg kan ikkje tala med deg; for det er slett ikkje
skikk paa deg.....

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 03:57:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/tolstoi/0138.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free