- Project Runeberg -  Tolstoi-boki : ymse stykke /
139

(1897) [MARC] Author: Leo Tolstoy With: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Myrkemagterne elder naar du gjev fanden ein finger, tek han heile handi : spel i 5 vendingar - Tridje vending

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 139 —

(skjenkjer likør i eit glas). Og her hev du bygaave. (sender
henne den pakken han fyrst sat paa. Ho tek imot, og rister
paa hovudet).

Akim (kryp ned av omnen og tek paa seg pelsen;
gjeng so burt til bordet og legg fraa seg tirubel-setelen; til sonen).

Der hev du pengarne dine; gjøym dei so.

Nikita (utan aa sjaa setelen). Kvar skal du heil
ennast du alt er komen i klædi.

Akim. Jau, eg vil gaa no. Du maa kje verta
lei (tek huva og beltet).

Nikita. Det var daa rart! Kvar vil du hen
nattes tider?

Akim. Tingen er, eg kan ikkje vera her i
huset hjaa dykk; eg kan ikkje vera her, det er
tingen. De fær orsaka.

Nikita. Kva er no det for noko . . . vil du
gaa? . . . fyrr du fær te?

Akim (bind beltet um seg). Eg gjeng, ser du,
avdi ein ikkje likar seg hjaa deg, Nikita-far. Det
er eit skrøpeleg! liv du liver, vesle Nikita, det er
tingen! Og diso gjeng eg.

Nikita. Naa, lat no det snakket fara, og
set deg ned og faa deg ein te-kopp.

Anisja. Men kva er det, bestefar! Du gjer
oss daa til skammar for folk. Kva er du
fortroten for?

Akim. Eg er ikkje fortroten, slett ikkje. Det
er ikkje det som er ivegen. Men tingen er, eg
ser at sonen min gjeng ... i sin undergang . . .
sonen min . . . det er tingen ... i sin undergang.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 03:57:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/tolstoi/0145.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free