- Project Runeberg -  Tolstoi-boki : ymse stykke /
140

(1897) [MARC] Author: Leo Tolstoy With: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Myrkemagterne elder naar du gjev fanden ein finger, tek han heile handi : spel i 5 vendingar - Tridje vending

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 140 —

Nikita. Kva er det for ein undergang? Det
maa du daa fyrst gi grunn for.

Akim. Undergang, det er ordet, undergang.
Du hev gjenge heilt under. Kva sa eg ikkje
alt i sumar?

Nikita. No, kva sa du daa ? Du sa so mangt.

Akim. Det var den foreldrelause gjenta, me
rødde um. Eg sa du hadde gjort henne urett.

Nikita. Sjaa der er han med det att! Skal
me rippa uppatt den greia? Det er daa slutt for
lenge sidan.

Akim. Slutt? Nei, kjære, det er ikkje slutt.
Den eine Syndi dreg den andre etter seg, og du
vasar deg heilt inni synd, Nikita far. Du hev sokke
djupare og djupare, og no sit du i det til uppum
øyro.

Nikita. Set du deg no ned og drikk ein
kopp te, og so er den tunna tom.

Akim. Nei takk, eg skal ingen te ha. Alt
det fæle eg her hev set, stend og kjeglar meg for
bringa. Eg kan ikkje drikka te saman med deg.

Nikita. Han driv paa med sitt han. Kom
no berre og set deg hit til bordet.

Akim. Rikdomen hev tulla seg umkring deg
som eit garn som snører seg ihop um deg . . .
ja, nett som eit garn. Aa, vesle Nikita, far! kom
ihug det er sjæli det gjeld um.

Nikita. Kva rett hev du til aa koma her og
reida meg til i mitt eiget hus, maa eg spyrja?
Kva er det igrunnen du vil, naar det kjem til

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 03:57:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/tolstoi/0146.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free