- Project Runeberg -  Tolstoi-boki : ymse stykke /
141

(1897) [MARC] Author: Leo Tolstoy With: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Myrkemagterne elder naar du gjev fanden ein finger, tek han heile handi : spel i 5 vendingar - Tridje vending

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— hi —

stykket? Eg er daa ingen gutunge for deg, veit
eg, so du kan ruska meg i luggen. Det er ikkje
lenger skikk og bruk det no tildags.

Akim. Nei, det er visst og sant. Eg høyrer
kor sønerne no tildags ruskar sin gamle far i
skjegget; men det fører altsaman berre til
undergang, til undergang.

Nikita (sint). Me hev ikkje bede deg um noko
enno. Det er du som kjem og hev bruk for oss.

Akim. Du meiner pengarne? (peikar paa setelen
som ligg paa bordet). Der er pengarne dine. Eg vil
helder tigga meg fram en taka noko av deg.

Nikita. Hald no upp, kvi skal du vera so
lei, og blekkja gleda i laget? (tek han i handi).

Akim (riv handi til seg). Slepp meg! Eg ver
her ikkje. Eg vil helder liggja paa landevegen
en vera ein time lenger i denne søyla som du
liver i. Tvi vere det! — Aa, Herre! forlat meg
mi synd! (gjeng).

Nikita. Den var god!

AklVl (opnar døri att og seier inn). Tenk deg Ulli
kva du gjer, Nikita! Kom ihug at det er sjæli
det gjeld (gjeng).

Akulina (tek kopparne). Naa, skal eg so
skjenkja i elder ikkje?

(Togn).

Mitritsch (med eit rop). Aa, Herre Jesus!
Forbarm deg over meg arme syndar!

(Nikita skvett upp, Akulina og Anisja set i eit lett skrik).

Nikita (legg seg so ang han er paa benken). Eg hev
slik hugverk. Akulina! Kvar er munspelet?

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 03:57:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/tolstoi/0147.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free