- Project Runeberg -  Tolstoi-boki : ymse stykke /
148

(1897) [MARC] Author: Leo Tolstoy With: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Myrkemagterne elder naar du gjev fanden ein finger, tek han heile handi : spel i 5 vendingar - Fjorde vending

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 148 -—

vinsgjøysen stend or halsen paa deg! — No ja,
so gjeng eg og legg meg daa. (geispar). Aa Herre
Jesus! (gjeng inn i huset).

Nikita (gjeng lenge tagall att og fram, set seg so
trøytt ned paa ein slede). Jau, det Ser godt ut!

Anisja. Kvar er du daa?

Nikita. Her.

Anisja. Kva sit du her etter? Der er ingi
tid aa spilla. Det maa skaffast or vegen paa
timen.

Nikita. Kva skal me gjera daa?

Anisja. Gjer berre som eg seier.

Nikita. Kunne de kje bera det paa stiftelsen?

Anisja. Det kan du sjølv gjera, er du so
sleiken etter. det. Du er snop til aa faa andre i
søyla; men naar det gjeld aa hjelpa dei uppatt,
so knip det fot* deg, ser eg.

Nikita. Kva skal me daa gjera?

Anisja. Det hev eg sagt deg. Gakk nedi
kjellaren og grav eit hol . . .

Nikita. Kunne ein ikkje stella det soleis . . .
soleis . . .

Anisja (geiper etter han). »Soleis, soleis« . . .
korleis? Eg tenkjer det læt seg ikkje gjera »soleis».
Det skulde du ha tenkt paa fyrr. Gakk no dit
du er beden.

Nikita. Aa Gud, aa Gud!

Anjutka. Mor, mor! Matrøna ropar. Det er
visst eit lite baan som skrik inne hjaa vesle
Akulina, — Gud hjelpe meg!

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 03:57:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/tolstoi/0154.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free