- Project Runeberg -  Tolstoi-boki : ymse stykke /
149

(1897) [MARC] Author: Leo Tolstoy With: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Myrkemagterne elder naar du gjev fanden ein finger, tek han heile handi : spel i 5 vendingar - Fjorde vending

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 149 —

A?iisja. Skam faa munnen din! Kva er det
du fortel? Det er daa kattungarne som remjar
der inne. Sjaa til du kjem deg i seng no; elles
skal eg nok læra deg, kan du tru!

Anjutka. Søte vesle mor! Hjelpe meg til
Gud, det er sant. . . .

Anisja (slær etter henne). Eg skal læra deg!
Vil du sjaa koma deg vekk! (Anjutka spring inn i
huset). No, Nikita! Gjer no som eg hev sagt.
Elles svarar eg ikkje for noko (gjeng).

Nikita (etter lang togn). Jau, det ser godt ud!
Aa deikvinfolk! Aa Gud, aa Gud! — »Det skulde
du ha tenkt paa fyrr.» Og kva var der aa tenkja
paa ? Ifjor sumar var det at denne Anisja tok til
aa renna etter meg. Kva skulde eg so gjera ?
Eg er daa ingen munk, veit eg. So døydde
mannen, og hadde der vore noko som ikkje var rett,
so gjorde eg det daa godt att. I alt det hev eg
ingi skuld. Plent som der ikkje var andre som
livde paa same maaten! Og so desse pulveri. Var
det kanskje eg som sette henne paa det? Ja hadde
eg visst eit ord um det, skulde eg ha slege henne
ihel som ein hund den gongen, det skulde eg!
Aa vasa meg inn i slik fensdom, — det skarve
kvinfolket! Fraa den tid av hev eg ikkje tolt ho
for mine augo. Kor skulde eg so tilmed ha
sam-kjømd med henne? Og so var det, at det gjekk
som det gjekk. Der vilde tausi ikkje lata meg faa
fred. Og kva var det so i det, tenkte eg; um det
vart med meg elder med ein annan var daa like

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 03:57:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/tolstoi/0155.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free