- Project Runeberg -  Tolstoi-boki : ymse stykke /
158

(1897) [MARC] Author: Leo Tolstoy With: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Myrkemagterne elder naar du gjev fanden ein finger, tek han heile handi : spel i 5 vendingar - Fjorde vending

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

- i58 -

Anisja. Men han daa?

Matrøna. Aa, han vart so skræmeleg rædd.
Men so tok du no og væl hardt paa han. Lat
han no skytte seg sjølv og koma seg i ro.
Vaarherre vere med han! Eg skal nok greia det aaleine.
Set no lykti der. Eg ser nok. (kjem avsyne i kjellaren).

Anisja. (ser etter Nikita). Naa! fekk du so
ulysta deg? Du var kaut nok fyrr; men vent berre!
No fær du læra elsken aa kjenna, so tenkjer eg
nok du temst.

Nikita (kjem farande ut og spring aat kjellaren). Mor I

mor!

Matrøna (stikk hovudet upp). Kva er det, fuglen

min ?

Nikita (lyer). Grav det daa ikkje ned! For
Guds skuld! Det er livande enno! Høyrer du
ikkje? Det kvin og pister der nede . . . høyr
berre!

Matrøna. Kor skulde det kunne pista? Du
hev daa krasa det flatt som ei pannekake. Heile
hovudet er sundtklistra.

Nikita. Kva ?! (held seg for øyro). Det pister
like godt! Nei, det er ute med meg, reint ute med
meg! Kva er det daa de hev gjort med meg?! . . .
Kvar skal eg gjera av meg?! . . . (sig ned paa troppi
med hovudet i henderne).

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 03:57:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/tolstoi/0164.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free