- Project Runeberg -  Tolstoi-boki : ymse stykke /
159

(1897) [MARC] Author: Leo Tolstoy With: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Myrkemagterne elder naar du gjev fanden ein finger, tek han heile handi : spel i 5 vendingar - Brigde

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 159 —

Brig de

(Istaden for denne siste bolken fraa der Anisja gjeng etter
haanet side 154 kan denne utgangen brukast).

(Same utstyr som i fyrste vending).

(Anjutka ligg avklædd paa benken med ei kaape over seg.

Mitritsch sit ved bordet og røykjer).

Mitritsch. Jau, dei hev rent godt i seg; giv
dei maa faa ein agurk paa tvert i sin hals! Og
det hev gjenge likeso mykje paa golvet som i
kverken paa dei, fyllebyttorneI Nei, for ein snik!
Ein kan ikkje døyva han med tobaksrøyk,
des-meir. Allstad like i nasa! (geispar). Aa Herre
Jesus! Det er paa tide aa leggja seg. (gjeng burt

til lampen og vil skruva han ned).

Anjutka (fer upp og vert sitjande). Kjære bestefar!
Du maa endeleg ikkje sløkkja. Ver no gild!

Mitritsch. Kvi maa eg ikkje sløkkja?

Anjutka. Dei held slik sjau ut paa tunet,
(lyer). Høyrer du? No kjem dei inn i kammerset att.

Mitritsch. Kva skil det deg? Det er ingen
som hev sendt bod etter deg. Legg du deg berre
til og sov, so skruvar eg lampen ned.

Anjutka. Kjæraste, søtaste vesle bestefar!
sløkk han ikkje heilt. Lat det tora ein liten
kjend, so pass som eit lite museauga. Eg er
so rædd.

Mitritsch (lær). Haa—haa! Ja, ja (set seg burt
til ho). Kva er du rædd for?

Anjutka. Aa, bestefar! Vesle Akulina hadde
det so vondt. Ho laag og slo hovudet mot kista

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 03:57:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/tolstoi/0165.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free