- Project Runeberg -  Tolstoi-boki : ymse stykke /
167

(1897) [MARC] Author: Leo Tolstoy With: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Myrkemagterne elder naar du gjev fanden ein finger, tek han heile handi : spel i 5 vendingar - Brigde

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

- i67 -

lærdom, so veit eg daa meir en ei bondekjering
fraa landet. Kva er vei slik ei bondekjering for
nokor Det reine stakkarsting — ikkje anna.
Det er mange millionar slike her i Rusland; men
alle er dei so blinde som moldvarpar og veit
ingen verdens ting. Ja, kor ein skal pløgja
kopesten ikring*) elder doktera smaabaan med
hønselort og gjera alskens heksekunstar, det hev
dei god greie paa.

Anjutka. Ja, mor hadde meg og ut til hønsi
daa eg var sjuk.

Mitritsch. Ja det er tingen, er det. Der er
mange millionar av dykk kjeringar og gjentor;
men alle er de som ville dyr i skogen. Naar de
døyr, er de akkurat like kloke som daa de kom
til verdi. De hev korkje set elder høyrt nokon
bidige ting. Ein bonde høyrer daa altid eitkvart,
anten det no er i vertshuset, elder som høva
kan, i slaveriet, elder som med meg, i
soldaterlivet. Men — ei bondekjering! Ikkje nok med
at ho ikkje veit noko um Vaarherre, ho veit ikkje
greie paa fredagarne dihelder. Fredag er for
henne berre fredag**), det veit ho ikkje. Jau desse
bondekjeringarne! Det er plent som blinde
hun-dekvelpar som ligg rotar paa ein sorpdunge og
kjøyrer snuten nedi lorten. Dei forstend ikkje
anna en aa gaa gaula paa sine dumme visor: Hei,

*) Rysk potreraad.

**) Etter folketrui i Rusland skal fredag vera kviledag. Det
fører vanheppe med seg aa gjera noko den dagen.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 03:57:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/tolstoi/0173.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free